No då eg endeleg hadde spreidd blogginga mi meir ut i den store verda, oppdaga mange nye bloggare, oppdaga mange nye gode tankar, oppdaga mange nye lesarar, då stoppar eg opp. Kvifor? Fordi fingrane mine er vonde etter for mye skriving.
I morgå er det nynorsk tentamen, så eg prøver å øve meg litt på nynorsk...hmm...tykjer ikkje dette vart så bra eg, men eg får stole på at øving gjer mester.
Sidan sist har det skjedd både veldig gode ting og veldig dårlege ting. Morten har slutta på teateret. Mest sansynlig vert det lite igjen av teateret, ettersom prisen skal doblas på grunn av kommunenes dårlege økonomi. Dobbel pris uten Morten tyder at mange sluttar, teateret vil aldri att verta som det er i dag og som det har vore under Olsen's årnesentral og revyen. Og teateret som var ein så stor del av livet mitt, jo det er tungt.
På torsdag fekk me vita at ein grunnkurselev på skulen hadde teke sjølvmord. I det siste har eg oppdaga at også mange andre tenkjer på det. Eg har sjølv spurt meg sjølv, kva er meininga med livet? Eg har aldri vurdert sjølvmord, men eg ser så mykje ondt i verda, av og til kan alt virka så håplaust. Av og til vil eg berre vera med Gud heile tida, vera i himmelen hjå han. Kvifor må me innom denne forferdelige verda fyrste, kunne me ikkje berre vert med Gud heila tida? Men så las med noko smart på cellegruppa. Gud skapte verda berre for oss, og han skapte den i kjærleik til oss. Hallo, kor lite takknemlege er me? Me bare klagar over det han ga oss i kjærleik, han skapte denne jorda bare for oss, og alt me gjer er å klaga over den. I staden for burde me takka Gud kvar dag for den fantastiske gaven han har gitt oss. Ein gave me held på å øydeleggja. For i staden for å prissetta denne gaven, som faktisk er utroleg vakkar og god, berre klagar vi og øydeleggjar vi den. Tenk at Gud gav deg livet ditt i gave, for å vise deg kor mykje han elskar deg, berre fordi han elskar deg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
D smartaste eg he(for å ta d på ålrågdsk;)) lest på lenge...! Kjenne ofta på meg at eg blir litt frustrerte på folk som e lite takkmenlige, både når d gjelde livet, jordkloden og generellt bare lite takkmenlige. Uansett kor mye drid d e i livet våras i perioder, e d ALLTI någe å ver takknemmlige for.. ALLTID! Ganske gudd, spør du meg. Og hvis livet e for hardt, så bare tenk for Dory(pliiis ha sitt Nemo?!:|): Just keep swimming, just keep swimming..;) Så går alt bra te slutt! Ka kan eg taba på d? Nå spora eg litt av, menneh.. jau! Schnakkes! God bless!!
Legg inn en kommentar